Velkommen til LHL Lindås
foto: Cecilie Furseth
LHL Lindås er eit lokallag for hjerte- / lungesjuke og pårørande i kommunane Lindås og Masfjorden. Laget vart stifta i april 1991 og har ca. 200 medlemmer som driv med fleire aktivitetar for å gjera kvardagen lettare for kvarandre.
Vi har lagsmøte med info om lagsaker, song til musikk av ”eigen” trio, foredrag med ulike tema og ikkje minst – god mat og kaffe
- Fellesturar, eindags- og over fleire dagar med overnatting
- Kurs, internt i laget og i regi av LHL sentralt
- Hjerte- og lungetrim
- Likemannsarbeid
Vil du bli medlem? Bli med på trim? Har du behov for å snakke om- / ev. få informasjon om hjerte- eller lungesjukdom ? Ta kontakt med oss!