Velkomen til LHL-Radøy
Endeleg er me på nettet, og her kan du finna informasjon om våre aktiviteter og det me elles heldt på med. Laget vårt har 100 medlemer, men me kan gjerne bli fleire. Av aktiviteter kan me nemna hjartetrim, vasstrim og lungetrim, me driv og ein strikkekafe og seniordans. Elles har me månadlege lagsmøter og styremøter. Likemenn er også inne på velferdssenteret kvar onsdag med song og sitjedans. Kvar sumar arrangerer me tur, saman med revmatikerlaget. Turen i år går til Molde og Atlanterhavsvegen. Lokal- laget vårt rundar 20 år i april og dette vil me markera med ein jubileumsfest.