Hopp direkte til innhold

Bikuba (2005)

Bilde av Berit og Karina, pyntet ute på trappa.
Berit og Karina på Gamle Doktargarden på Manger.

Prosjektet skulle etablere ein møteplass der folk med ein eller annen diagnose kjem saman og lagar felles aktivitet.

Prosjektleder: Berit Kvalvik, LHL Radøy

Status: Pågående

Varighet: 2006 - 2007

Hausten 2004 vart det vedteke i styret for LHL-Radøy, at vi ville prøva oss på prosjektarbeid. Me hadde mange idear om dette, og sjølvsagt delte meiningar. Prosjektet me enda opp med var retta mot rehabilitering og førebyggjande arbeid. Eit arbeid som LHL sin organisasjon har prioritert i mange år. Gleda var stor då me hausten 2005 fekk tildelt midler til prosjektet vårt frå Helse og Rehabilitering. Me hadde gjort ein del sonderingar i forhold til eventuelle samarbeidspartar, og med stor iver og optimisme starta me  prosjektet i januar 2006 . 

Mål

Målet var eit aktivitetssenter/møteplass der førebygging og rehabilitering var viktige nøkkelord. I tillegg vekta me sterkt den sosiale og mellommenneskelege sida av saka. Me ville skape tilbod der me saman kunne gje kvarandre kveik og ein betre kvardag. Også menneske frå  andre kulturar skulle bli integrert i dette fellesskapet. En tenker både på fysiske, sosiale og kulturelle aktiviteter.
Gjenom eit utbreitt samarbeid ville me visa at felles løft kan gje gode resultat, også i mindre kommunar.

Bilde av turgjeng i skogen, nyter lunsj.Stavgangsgruppa nyter en velfortjent lunsj.

Gjennomføring

Saman med Lions og Frivilligsentralen gjennomførte me prosjektet frå 2006 til 2007. I tillegg har me møtt velvilje frå kommunen, lag og organisasjoner i Radøy. Me har og motteke positive bidrag frå kulturpersonar, musikkrefter og andre. Gamle Doktargarden på Manger har vore basen vår, her går lungetrimmen og strikkekafeen fast kvar veke. Også stavgangsgruppa starter herfrå. Elles har me flytta ein del av tilboda rundt i kommunen. Dette fordi enkelte av tiltaka trong større plass, og for å nå i fleire folk.

Resultat

Etter kvart har me hausta god  erfaring, utveksla tanker og ideer og funne greie løysingar. Ved deltaking på kurs/opplæring, føler me at prosjektarbeidet har tilført oss kunnskap som kan nyttast vidare. Responsen frå ibuarane i kommunen har vore stor, dei forskjellige tiltaka har skapt interesse . Vårt ynskje om samarbeid på tvers er bekrefta.

Vidareføring

Aktivitetene vil bli videreført etter at prosjektet er avsluttet. Prosjektgruppa ser difor eit potensiale for vidare utvikling.

 

Last ned sluttrapport

Publisert 04.02.2014