Hopp direkte til innhold

Foten går, hjartet slår der gleda rår (2010)

Bilde av klovn på sykehjem.
Siju-klovnane er gledespeiarar på sjukeheimane.

Eit prosjekt som skal gi frivillige meir kunnskap og trening i å lede sang- og musikkaktivitetar for eldre.

Prosjektleder: Tove Høgemark

Status: Pågående

Varighet: 2011 - 2012

Det er LHL Tysvær og Bokn som driv prosjektet. Laget har 240 medlemmar frå fem kommunar. Mange av desse er frivillige som stiller opp med sang og musikk på institusjonar. Nå ønskjer dei i tillegg å ta i bruk bevegelse saman med sangen og musikken.

Målet for prosjektet er å gje dei frivillige meir kunnskap og trening i å bruke bevegelse til sang og musikk. I tillegg ønskjer ein å få til eit tettere samarbeid med personalet på institusjonane slik at aktivitetane passar betre for bebuarane.

Resultat

«Foten går, hjartet slår der gleda rår» var eit nærmiljøprosjekt for funksjonshemma, kronisk sjuke og pårørande. Prosjektet var eit samarbeid mellom LHL Tysvær og Bokn og Tysvær kommune og hadde som utgangspunkt og vidareutvikle dei allereie eksisterande song og musikkgruppene på eldreinstitusjonane i kommunen.

Undervegs i arbeidet med prosjektet såg vi at det var rett at dei etablerte song- og musikkgruppene skulle få halde fram i sin nåverande form. Prosjektet fanga derimot interesse hos nye frivillige. Målet var å gi desse kunnskap og trening i å våge og vere deltakarar og pådrivarar når det gjeld bevegelse saman med song og musikk.

Det blei ein spanande prosess for deltakarene då ideen om klovnane voks fram. På Eldredagen 1.oktober 2011 hadde vi ei framsyning, og 12 klovnar møtte publikum på butikksenteret og i foajeen på kulturhuset. Då vi starta arbeidet, ville alle lære å puste betre og auke si livsglede, men ingen hadde tanke for eller ville trudd at dei skulle presentere noko for eit publikum og at det skulle kjennast godt og vere med på dette.

Hovudfokuset i arbeidet med klovnane fram mot eldredagen var tryggleik, glede og meistring. Då kom tanken: Kunne dette være ein måte å være gledespeiarar på sjukeheimane? Det handlar om å være tilstades - å sjå, få kontakt, berøre, være i situasjonen, i øyeblikket. Vi kallar oss Siju-klovnar (Eg ser deg à See you à Siju)

Det vi ikkje visste, var at det allereie fanst sjukeheimsklovnar. Under eit tilfeldig søk på internett, oppdaga vi «Klokkeklovnene». Det var ei god oppdaging for oss. Det blei ein bekrefting på at vi held på med noko verdfullt. Vi bruker pusteøvingar, latteryoga og bevegelse for eigen del og som eit reiskap i arbeidet med klovnane.

Vi har vore fem gonger på demensavdelinga på den eine sjukeheimen. Vi er heile tida i ein læringsprosess i samspelet med menneske i øyeblikket. Vi vil arbeide vidare med Siju-klovnane på institusjonane. Vi er blant anna i gang med å lage eit hefte som skal presentere Siju-klovnane. Heftet vil og ha eit utval songar som dei eldre vil kjenne seg igjen i. Vi vil også fortsette med å tilby pust og latter/yogasamlingar.

 

Last ned sluttrapport

Publisert 03.02.2014