Hopp direkte til innhold

Hverdagen med O2 (2010)

Hovedmålet for prosjektet var å utvikle en kommunikasjonsperm til bruk for personer som får langtidsoksygenterapi, og for helsepersonell på ulike nivå i helsetjenesten.

Prosjektleder: Nina Johnsen Midtbø

Status: Pågående

Prosjektperiode 2011 - 2012.

Mellom 50 og 60 personer i Sogn og Fjordane får langtidsoksygenbehandling i hjemmet. Tidligere prosjekt og erfaring har vist at kommunikasjonen mellom de ulike nivåer i helsetjenesten og mellom helsepersonell og bruker kan bli bedre.

Prosjektet ”Hverdagen med O2” vart igangsett for å bidra i utviklinga av ein meir heilskapleg behandlingskjede for omsorg, oppfølging og behandling av personar som får langtids oksygenterapi (LTOT) i Sogn og Fjordane.

Målsetting

Utvikle ein kommunikasjonsperm til bruk for personar som får LTOT, og for helsepersonell på ulike nivå i helsetenesta. Kommunikasjonspermen skulle utviklast som eit samarbeidsprosjekt mellom brukarar og fagpersonar på ulike nivå.

Gjennomføring

Det vart sett ned ei prosjektgruppe med brukarar og fagpersonar frå primærhelsetenesta, spesialisthelsetenesta og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Data vart samla inn frå brukarar, pårørande og helsepersonell for å få opplysningar om deira behov og ønske for ein kommunikasjonsperm. To spørjeskjema, fokusgruppeintervju og dialog på nettverkssamlingar for brukarar og helsepersonell vart nytta for å samle inn data. Kommunikasjonspermen «Min oksygenperm» vart utvikla på bakgrunn av desse opplysningane og seinare sett i produksjon. Evaluering av permen vart gjennomført etter same metodar som i førundersøkinga.

Resultat

Prosjektet har gjennomført likeverdig deltaking av brukarar og helsepersonell gjennom heile prosessen. Vi har gjennom deling av erfaringskunnskap og fagkunnskap fått ny kunnskap om sårbare område i oppfølging av brukarane.  Kommunikasjonspermen er utvikla og implementert til ei gruppe brukarar. Den er og implementert i behandlingskjeda for personar som får LTOT behandling. Vi vurderer at kommunikasjonspermen har stor nytteverdi for dei involverte, og at den i hovudsak fungerer etter intensjonane. Permen er gjort tilgjengeleg for andre og føreligg også elektronisk, og den kan lastast ned frå Helse Førde sin nettstad. Arbeidet med permen er og presentert i fleire interne og eksterne fora.

Vidare planar. Saman med LHL er det planlagt å vidareføre nettverkssamlingane for brukarar og helsepersonell med vidare evaluering og utvikling av permen. Arbeidet skal publiserast i fleire fora.

 

Last ned sluttrapport

 

Publisert 03.02.2014