Hopp direkte til innhold

Yt og Nyt (2010)

Bilde av koketopp med får-i-kål og kokte poteter.
Målsettinga var at deltakarene skulle oppleve betre livskvalitet og glede ved mat og matlaging.

Mange opplever at livssituasjon og sjukdom reduserer aktivitet og deltaking. "Yt og Nyt" var eit matglede-prosjekt for samling rundt å lage mat og hygge seg med den etterpå.

Prosjektleder: Tove Høgemark

Status: Pågående

Prosjektperiode: 2011-2012

Målgruppe er menneske med ulike sykdomsdiagnosar og einslege menn. Målet er både kunnskap om kosthald og matlaging og å danne fellesskap som kan halde fram etter at prosjektperioden er over.

Resultat

«Yt og Nyt» var eit nærmiljøprosjekt for funksjonshemma og kronisk sjuke og deira pårørande, men retta seg og mot einslege menn. Prosjektet var eit samarbeid mellom LHL Tysvær og Bokn og Tysvær kommune.

Bakgrunn for prosjektet var eit ønskje om å skape eit tilbod der deltakarene i fellesskap kunne lære å lage mat som alle kunne ete.

Målsettinga var at dei skulle oppleve betre livskvalitet og glede ved mat og matlaging og sjå moglegheitene i staden for hindringane. Prosjektet skulle gi kunnskap og inspirasjon, og ha fokus på fellesskap. Det var eit ønskje om at deltakarane skulle bli meir bevisste kva slags mat som gjorde dei godt og dele erfaringar med kvarandre i fellessamlingane og grupper.

For å invitere deltakare til prosjektet nytta vi brev til LHL Tysvær og Bokn sine medlemmer og annonse i lokalavisa, og det blei arrangert informasjonsmøte. På møtet blei det delt ut eit spørjeskjema og desse ønska kom fram: Mat ved diabetes, ned i vekt, lavkarbo-kurs, hjartesunn mat, mat ved mage-tarm problem, matklubb for menn, smårettar/mat frå andre land, vegetar-mat, urte-kurs, lefse- og potetkake-kurs, gamle bake-tradisjonar, inspirasjon til matglede/matlyst etter sjukdom/ behandling.

Det blei også arrangert matgledekveldar, og nye deltakarar blei invitert med og kom med ønskjer. Vi kunne ikkje lage spesielle grupper for alle ønska, men vi forsøkte å dekke noko av dette inn i Smårettar-, Utanlandsk mat-, Lavkarbo-gruppene.

Bilde av mange mennesker rundt dekket bord.Prosjektet skulle gi kunnskap og inspirasjon, og ha fokus på fellesskap.

Prosjektet gjennomførte desse gruppene

  1. Matgruppe for menn: 2 grupper á 4 og 5 samlingar med kokk.
  2. Hellebakst: 11 kurs med 1-2 samlingar kvar og 5-7 deltakarar på kvart kurs.
  3. Smårettar/utanlandsk mat: Ei gruppe med 3 samlingar.
  4. Lavkarbo (ikkje HFCL): 3 grupper med totalt 20 personar.

Gjennom heile prosjektperioden hadde vi fokus på at dette var eit matgledeprosjekt, og den største gevinsten er at svært mange av deltakarane har endra sitt bruk av ferdigprodukter. Mange erfarte at det ga større helsegevinst, var like enkelt og meir interessant å lage mat med ferske råvarer. Deltakarene opplevde det positivt at det blei danna grupper der dei kunne dele idear, tankar og erfaringar når det gjaldt mat.

Vi føler at prosjektet har satt i gang ein prosess. Mange har utvida si interesse og glede over å lage mat, oppdaga nye og gode smaker og blitt meir bevisst på kva maten gjer med oss. Vi vil halde fram med forskjellige matlagingsgrupper, matkurs samt ein årleg matgledekveld.

Prosjektet skulle gi kunnskap og inspirasjon, og ha fokus på fellesskap.
 

Last ned sluttrapport

Publisert 03.02.2014