Hopp direkte til innhold

Likepersonstjenesta på Haraldsplass Diakonale sykehus.

25. mai

Likepersonstjenesta på Haraldsplass Diakonale sykehus.

Tid 17:00 Sted Haraldsplass Diakonale Sykehus
0,-

Likepersonstenesta på Haraldsplass Diakonale Sykehus,HDS, er eit tilbud til Hjarte og lungesjuke pasientar og deira pårørande.

Likepersonane har eigen erfaring med hjarte/lungesjukdom, enten sjølv eller som pårørande.  Dei kan fortelja om korleis livet med sjukdom kan bli, om nye muligheiter og om tilbud på vegen vidare.

På HDS er likepersonstilbudet eit samarbeid mellom fem lokallag: Radøy, Meland, Lindås, Bergen og Os.  Alle laga bidreg likt økonomisk og deltek på planleggingsmøter.

LHL Radøy v/Berit Kvalvik, har ansvar for tenesta og er saman med Sidsel Kvassheim  tals/kontaktperson og ansvarleg for vaktplanar, kurs og sosialt samvær for likepersonane.

Frå mars 2020 satte Coronaen ein stoppar for tjenesten. 

Men me er no glade for å informere om at me er attende i tjeneste kvar onsdag frå 17.00 - 19.00

For tida er me 14 likepersonar som deltek i tenesta, men vil gjerne ha inn nye.  Dersom du har interessse for dette ta kontakt med Berit Kvalvik , mobil 45619481,        eller Sidsel Kvassheim, mobil 93630295,

Likepersonane må underskriva taushetsplikt.

Me er glade for å informere om at Likemannstjenesta no er attende kvar onsdag frå 17.00 - 19.00