Hopp direkte til innhold

Hjerneslagkafé, Sogn og fjordane

Arena for fagleg påfyll, dialog, kontaktnett og ikkje minst moro.

Pressemelding fra LHL Sogn og Fjordane

NORDFJORD 27.11.2018 kl. 18.00 på Nordfjord hotell.
Dørene opnar 17.30. Innleiarar er NILS ESPEN LILLEHEIM (slagramma) og kona BIRGIT (pårørande) frå LHL hjerneslag UNG Nordvestlandet

SUNNFJORD 28.11.2018 kl.18 på Thon Førde hotell Dørene opnar 17.30. Innleiarar TOMMY SKAR GENERALSEKRETÆR I LHL Hjerneslag og ANN-MARI SØREIDE, slagramma

SOGN 29.11.2018 kl. 17.00 på Quality Sogndal hotell.
Dørene opnar 16.30. Innleiarar GENERALSEKRETÆR i LHL Hjerneslag TOMMY SKAR og EINAR FAUSKE, slagramma

Møteplass for slagramma og deira pårørandre

Kven er pårørande til slagramma? Jau, det er nær familie som ektefelle eller sambuar, barn, barnebarn, foreldre, søsken, og gode venner.

Vi veit dessverre at mange som vert slagramma uansett kor stort eller lite slaget er, så vert svært mange slittande aleine. Kansje har ein problem med språket, kansje søler ein når ein et og drikk, kansje går ein dårleg og ikkje minst føler ein seg ein byrde for sine næraste. Enkelte har ikkje noko synleg utslag i det heile, men føler seg likevel aleine med si erfaring, Dette ønsker vi å gjere noko med.

LHL vil med dette opne opp for LHL Hjerneslag ung i Sogn og Fjordane. Les mer på LHL Hjerneslag Ung

Eg vil likevel peike på at vi i Sogn og Fjordane ønsker å skape møte -plassar også for godt vaksne som er komne i sanne situasjonen. Berre det å ha nokon å dele problem med, finne ut kvar ein kan søke rehabilitering, kva rettigheiter ein har til logoped sjølv om ein er vaksen.

Målet er at dette skal vere ein eigen organisasjon under LHL sin paraply som etter kvart har eige styre. LHL Sogn og Fjordane vi vere med i starten for å få dette opp og gå.

Livet etter hjerneslag

Et hjerneslag fører ofte til en ny og annerledes livssituasjon. Slaget kan svekke både den fysiske og psykiske helsen, og by på mange store og små utfordringer i hverdagen slik som for Jarle Olvar Nygård. Men fellesskap kan hjelpe og styrke.