Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny
LHL Ålesund, Sula og Giske på tur til Færøyane
Foto: Arve Fjærli

I vesterled – til Færøyane

I fjor haust gjorde 34 medlemmar frå LHL Ålesund, Sula og Giske som vikingane frå Vestlandet for over tusen år sidan – dei drog i vesterled, til Færøyane.

Med Roger Gudmundseth som reiseleiar kom deltakarane til Tórshavn på øya Streymoy 1. september i fjor. For Gudmundseth vart reisa òg ein tur tilbake til eigne røter: Mora hans er frå Færøyane, og han har framleis slekt der.

Det gjorde at vi fekk oppleve ekstra mykje, og sider av øyane som vanlege turistar ikkje får sjå, seier ein entusiastisk lokallagsleiar, Asbjørn Endresen.

I løpet av fem innhaldsrike dagar besøkte gruppa det berømte fuglefjellet Vestmannabjørgini på vestsida av Streymoy, utforska grotter i fjellet, fekk omvising hos Føroya Bjór – som både bryggjer øl og lagar gin, vodka og snaps – og var innom gardar og kyrkjer. Det vart òg god lunsj med heimlaga smørbrød i feriehuset til Gudmundseths syskenbarn i Oyndafjørður.

LHL Ålesund, Sula og Giske

– Sidan bekjente til Roger driv Føroya Bjór, vart det naturlegvis ein liten prøvesmaking på oss alle, fortel Endresen med eit smil. 

Det vart òg ein tur til Kirkjubøur, ein av dei eldste historiske stadane på Færøyane. Der fortalde bonden på garden – i 17. generasjon – om den lange gardshistoria, ruinane av mellomalderklosteret, Olavskyrkja og om kong Sverre, som voks opp her.

Eit flott opplegg frå Roger og syskenbarna hans, seier Endresen.

LHL Ålesund, Sula og Giske på Færøyene 1.-5. september 2025Bilde: LHL Ålesund, Sula og Giske på Færøyene 1.-5. september 2025. Foto: Arve Fjærli