Ope møte - Korleis ta medisinen riktig?
Ope møte - Korleis ta medisinen riktig?
STED:
Vindafjord Frivilligsentral
Dreganesvegen 40, 5580 Ølen,
LHL arbeider med å reetablere lokallaget for Etne og Vindafjord, og inviterer derfor medlemmer, pårørande og andre interesserte til eit ope møte:
Kvelden byr på eit nyttig og aktuelt foredrag om riktig medisinbruk, med tema som inhalatorar, blodfortynnande medisinar og samspel mellom ulike legemiddel.
Tema for foredraget:
«Korleis ta medisinen riktig» ved Cathrine Lilleheil Christiansen frå Ølen Apotek AS
Det blir òg høve til å stille spørsmål etter foredraget.
Etterpå inviterer vi til enkel servering og ein uformell prat om moglegheita for å reetablere LHL Etne og Vindafjord.
LHL er ein organisasjon for hjartesjuke, lungesjuke, slagramma og pårørande – og vi håpar mange vil vere med og bidra til eit aktivt lokallag i området.