Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Velkomen til spennande foredrag om framtidsfullmakt!

Velkomen til spennande foredrag om framtidsfullmakt!

Tid
kl. 18.00–20.00
PRIS
0

STED: Sunnfjord rådhus i Førde - møterom Jølstra, 4 etg
Hafstadvegen 42,


LHL inviterer til eit interessant og lærerikt foredrag med Olve Grotle frå Sunnfjord-advokatene.

🕠 Dørene opnar kl. 17.30.

Kva er ei framtidsfullmakt – og kvifor kan det vere lurt å ha ei?

Ei framtidsfullmakt kan gi deg større kontroll over kva som skal skje dersom du ein dag ikkje lenger er i stand til å ta vare på eigne interesser sjølv.

Dette handlar mellom anna om:

  • Kven som kan handle på dine vegner dersom du sjølv ikkje kan gjere det.

  • Økonomi og eigedom – til dømes betaling av rekningar, handtering av bankkontoar og sal av bustad.

  • Personlege og praktiske forhold – og kva du sjølv kan bestemme på førehand.

  • Kven du ønskjer skal hjelpe deg, og korleis du kan sikre at det blir ein person du stoler på.

  • Kva som skjer dersom du ikkje har framtidsfullmakt, og kvifor det kan bli meir tungvint for familien.

  • Vanlege feil og fallgruver, og kva det er viktig å tenkje på når fullmakta blir oppretta.

 

Foredraget varer i om lag 30–45 minutt.

Det blir servert kaffi med litt attåt under møtet.

Når foredraget er ferdig, opnar vi for spørsmål og samtale frå salen. Vi har leigd møterommet i om lag 1,5–2 timar, avhengig av kor mange spørsmål og innspel som kjem i etterkant.

Foredraget er ope for alle – velkomen!

 

Det er heistilgang for rørslehemma.

Vi håpar å sjå deg!