Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Ope møte - beredskap og branntiltak samt informasjon om LHL

Ope møte - beredskap og branntiltak samt informasjon om LHL

Tid
kl. 19.00–21.00
PRIS
0

STED: Odda frivilligsentral
Røldalsvegen 56,5750 Odda,


LHL Odda inviterer til eit hyggeleg og ope møte for alle som er interesserte i helse, tryggleik og lokalt engasjement.

På møtet får du nyttig og aktuell informasjon frå:

  • Sigbjørn Kleppe, brannsjef i Ullensvang Brann & Redning
  • Karine Einang, rådgjevar og kursansvarleg i Einang Safety

Dei vil snakke om temaet beredskap og branntiltak, og dele kunnskap om kva vi som enkeltpersonar kan gjere for å vere betre førebudde.

I tillegg vil leiar Jan Oddvar Gjerde i LHL Vestland informere om aktivitetar og tilbod i LHL. Når sjukdom rammar, treng vi kvarandre. Eit hjarteinfarkt, ei lungesjukdom eller eit slag kan endre livet på eit augeblink. Då betyr fellesskap og støtte alt.

LHL ønskjer no å revitalisere LHL Odda, som vart stifta under namnet Tuberkuløses Hjelpeorganisasjon avdeling Odda i oktober 1946. Første leiar var Erling Mathiassen. Laget fyller med det heile 80 år til hausten.

I den samanhengen ønskjer vi å etablere eit nytt styre, og håpar fleire vil vere med og bidra til å byggje eit aktivt og inkluderande lokallag vidare. Laget har god økonomi og eit godt medlemsgrunnlag.

Dette er ei fin anledning til å bli kjent, få ny kunnskap og vere med å forme vegen vidare for LHL i Odda.

Alle er hjarteleg velkomne!

Møtestart kl. 19.00. Kaffe og lett servering frå kl. 18.30